Sauherad og Nes sokn > Om oss > Artikler > Artikkeldetaljer


Påskevandring mot kross og håp


Det er sett opp påskevandringar ved Nes og Bø kyrkje. Ta ein tur ut og følg Jesus og disiplane gjennom påskas hendingar. Vi har bytta vandringane, slik at den som stod i Bø i fjor,  står ved Nes kyrkje nå, og den som stod ved Nes i fjor står i Bø nå. 

Å gå i Jesu fotspor mot krossen, frå stasjon til stasjon, er ein gamal tradisjon under påskehøgtida. Ved Bø kyrkje er det satt opp ei slik krossvandring, Via Dolorosa, med 14 stasjonar på Jesu veg mot Golgata. Ved Nes kyrkje finn de ei håpsvandring, 14 plakatar med bibeltekstar om Jesus si oppstode frå dei døde, Via Lucis - Lysvegen. Kvar plansje har eit bilete i fargar som er laga av Nordfjord-kunstnaren Magne V. Kristiansen, og vandringane rundt på dei fine kyrkjegardane våre kan vere ein fin aktivitet no i påska.

Tilbake